Grindberg butikken


Grindberg Møbler har møbelerfaring gjennom 80 år.

Vi har det du trenger til innredning av hus, hytter og leiligheter. Vi kan tilbyet mangfold og særegent utvalg av møbler, gardiner, interiør som gjør det unikt hos deg.

Grindberg tilbyr kvalitetsvarer og gir deg tips og råd i innredning. Fleksible og spesialtilpassede løsninger gjør vi etter dine ønsker.

Vi legger vekt på God service, kreativitet og fornøyde kunder!

Historien vår


GRINDBERG TREVARE - EIT MODERNE INDUSTIEVENTYR I KILEGREND

Georg Vik var født i 1907 og voks opp på eigedomen Grindberg i Kilegrend som faren, Tarald Vik, hadde bygt i 1917. Tarald var i mange år sagmeister på Glomfoss Bruk.

I 1930 starta Georg Grindberg Trevarefabrikk i eit nytt verkstadbygg som han og Tarald hadde oppført på granneeigedomen Austvang. Verksemda fekk straum til ein elektrisk motor på 4 HK frå Ketil Kilands Kraftstasjon. Motoren kunne nyttast på kvardagar i tida 8 – 17. Gjennom 1930-åra leverte Grindberg Trevare vanleg utstyr til hus slik som møblar, kjøkkeninnreiingar,vindaugo, dørar m.m. Til vanleg var det 6 tilsette i verksemda. Under krigen vart det produsert mykje senger, skap og stolar til forskjellige bygg som okkupasjonsmakta oppførte. Arbeidsstokken var 15 – 20 tilsette. Etter krigen vart fabrikken meir spesialisert på kjøkkenstolar og diverse mønsterbeskytta hagestolar.

Rebekka, Ivar, Georg og Tarald Vik. Utlånt av Trygve Vik

Mønsterbeskytta stol som var ettertrakta produkt i ei årrekkje.

Hagestol som var ettertrakta produkt i ei årrekkje.

Sverre Berge med eit lass kjøkkenstolar i 1946

Georg og Trygve Vik

Her ved det hagemøblementet som vart særs etterspurt i tida før plastmøblane kom på marknaden. Biletet er teke rundt 1968 – 69

Ein ny generasjon

I 1960-åra kom ein ny generasjon inn då Rolf og Trygve Vik gjekk inn i leiinga av bedrifta. Til høgre eldstemann i syskenflokken, Tarald (”Dutte”) Vik

Det gamle produksjonsbygget

Slik det såg ut då Rolf og Trygve Vik overtok leiinga av bedrifta. Guten i forgrunnen er Olav Sigmund Årstad som arbeidde i bedrifta i nærare 27 år

Nye produkt og auka produksjon på 1960-talet


Nye produkt og auka produksjon medførte at det i 1963 – 64 vart oppført eit nytt og tidsmessig tilbygg på 500 m² til dei gamle produksjonslokala . Noko av årsaka til at ein måtte ha det nye tilbygget var stor etterspurnad etter køyesenger og andre senger som vart spesialiteten til Grindberg Trevarefabrikk.

Nytt tilbygg

Nytt tilbygg til det gamle produksjonslokalet til Grindberg Trevare vart oppført i 1963 – 64.

Reklame

Sidan Grindberg var pionerar innafor produksjon av køyesenger måtte ein ty til reklame. Dette biletet frå 1967/68 visar familiemedlemer som ”fotomodellar”.

Utviklinga for Grindberg Trevare


Utviklinga gjennom 1970-åra var så god at i 1979 kunne Grindberg flytte inn i eit nytt fabrikkbygg reist av Vest-Telemark Næringsbygg. Bygget vart seinare innløyst av Grindberg Trevare. Det visa seg å vera økonomisk heldig for bedrifta. Seinare har det kome fleire byggetrinn i eigen regi.

Storproduksjon av køyesenger


På 1980-talet vart Ikea-konsernet hovudmottakar av køyesenger frå Grindberg. På det meste var leveransane oppe i 25.000 senger på eitt år. Etter kvart vart det for små marginar ved å levere til Ikea, og bedrifta hadde også trong for å ha fleire bein å stå på. I slutten av 1980-åra fekk Grindberg innpass på den tyske marknaden gjennom møbelkjeda ”Møbel Kiste”. Tidleg i 1990-åra gjekk ca. 20 % av produksjonen til Tyskland. I same periode fekk bedrifta avtale med Bohus-kjeda her i Norge. I november 1992 vart bedrifta tildelt diplom frå NHO som ”Månedens Eurobedrift”.

GT-Møbler


1980-åra var vanskelege år for mange bedrifter og dette fekk Grindberg Trevare også kjenne. Då var det viktig at jentene også visa evne og vilje til å dra lasset. I 1985 starta difor svigerinnene Tone og Greta Vik møbelbutikk i dei eldste lokala til Grindberg. Mange ”forståsegpåarar” meinte at ein møbelbutikk i Kilegrend ikkje ville ha livets rett, men dette visa seg å vera ei feilvurdering. Butikken var i drift i 12 år og vart eit viktig tilskott til familiebedrifta Grindberg Trevare.

Ein sprek 80-åring


Grindberg Trevare fylte 80 år i 2010. I dag er det tredjegenerasjon og tredelt leiing av Grindberg etter at Rolf og Trygve Vik slepte roret vidare. Ingunn Vik Launes er dagleg leiar og jobbar mest med sal, kjøp og økonomi. Broren, Georg, og fetteren, Olav Gunnar, tek hand om produksjon, transport og montering. Grindberg Trevare er i jubileumsåret ei bedrift med god inntening og soliditet. Dette trass i at ei rekkje tilsvarande bedrifter i Norge har lagt ned eller flagga ut til lågkostnadsland. Bakgrunnen for dette er nær knytt til ei bedrbedriftsleiing som visar kreativitet, fleksibilitet og ståpåvilje sjølv om det er tøffe tider rundt dei. Georg Vik, som starta opp Grindberg Trevare, synte tidleg spesielle evner i treskjering. Han dekorerte m. a. møblar og innreiingar som Grindberg levera, men etter kvart vart det også mange fat, tiner og grautspann. Orgelet i Moland kyrkje har treskurd som Georg Vik har utført. På sine eldre dagar heldt han treskjerarkurs i Fyresdal og i grannebygdene, og lærde opp fleire som kunne føre kunsten vidare.

Grindberg i dag